Opnar kortvarig kafé

Eldrid Sognnes Kristoffersen elskar kaffi. No opnar ho kafé på Stranda – i alle fall for ein dag.
Nyhende

Kristoffersen er til dagleg tilsett ved Stranda Blomster.

I etasjen under blomsterbutikken er dei tidlegare lokala til Matbuda. Dei blir no gjort om til kafé.

– Då vi tok kontakt med Matbuda og fortalde dei om prosjektet, var dei berre positive og synest det var stas, fortel innehavar av Stranda Blomster Hilde Wenge.

Berre ein dag

Kafeen vil berre ha ope ein dag – på laurdag.

– Dette er vårt bidrag til Alperittet, seier Wenge.

Planen var eigentleg å servere kaffi ute, men med Matbuda sine lokale kan dei no vere beskytta frå vêr og vind.

Elskar kaffi

Det er Kristoffersen som vil ha ansvaret for den mellombelse kafédrifta.

Ho fortel at ho har ein lidenskap for god kaffi. CV-en hennar fortel mellom anna at ho har jobba for det som tidlegare var den beste baristaen i Sverige.

– Ved Åre Kafferosteri blei kaffien servert rett frå roasting. På laurdag serverer vi kaffi frå Jacu i Ålesund. Dei brenn berre dei aller beste bønnene i verda, og kaffien er ikkje tilsett noko, fortel Kristoffersen.

På menyen vil det òg vere heimelaga scones og vaflar.


Alperittet er i kjømda

Strandar med verdscup-siger i bagasjen har meldt seg på.

 

Satsar på suksess for Alperittet

Alperittet med innlagt NM i Fjell-Telemark skal bli den store folkefesten på Stranda i vinter, om ikkje vêr-gudane slår seg vrange som sist gong.