Utvidar kapasiteten i Geiranger

Endå fleire turistar kan få delta på kringsjå og fiske på Geirangerfjorden komande sommar.

M/S Hagbart Waage er ei tidlegare redningsskøyte.  Foto: Privat

M/S Geirangerfjord blir brukt til sightseeing på fjorden i verdsarvområdet.  Foto: Privat

Nyhende

Geiranger Fjordservice AS utvider tilbodet sitt i Geirangerfjorden ved å leige M/S Hagbart Waage, ei redningsskøyte med plass til 50 personer.

–  Med reiarlaget sin eigen båt M/S Geirangerfjord og den innleigde båten M/S Hagbart Waage blir Geiranger Fjordservice AS den største sightseeingoperatøren på UNESCO Geirangerfjorden med kapasitet til 215 passasjerer per avgang og åtte avganger per dag, fortel dagleg leiar Helle Firhøj Jensen i Geiranger Fjordservice AS i ei pressemelding.

Selskapet sitt maritime tilbod sommaren 2015 vil omfatte fjordsightseeing, Signa Tour-cruise og fjordfiske med guide.

Ifølgje Proff Forvalt er Fjord1, Sparebanken Møre og Geiranger Skysslag dei største aksjonærane i Geiranger Fjordservice.