Tusen bilar på Strandafjellet

Langfredag blei den nest beste påskedagen i Stranda skisenter si historie.
Nyhende

Når ein flott påskedag no går mot slutten, kan Stranda skisenter notere seg at langfredag har vore den nest mest besøkte påskedagen nokonsinne.

– Det er den best besøkte dagen denne sesongen utan tvil. Det var som forventa når vi fekk 30 centimeter med nysnø i går kveld og i natt, seier dagleg leiar Stian Græsdal. Han legg til at påsketurismen, puddersnø og flotte vêrmeldingar i forkant òg bidrog til den flotte statistikken.

Den einaste påskedagen som har vore betre var for tre år sidan.

– Då kom det enormt med snø palmehelga, medan det var lite snø i Gudbrandsdalen. I dag har vore ein god nummer to, fortel Græsdal. 

Det var til saman tre tusen betalande gjester i skianlegget langfredag.

Bil etter bil

Biler var det òg mange av. Du kan sjå fleire av dei i bildeserien øvst i saka.

Ifølgje ei oppteljing var det om lag 500 bilar som parkerte på parkeringsplassen til skisenteret. Tilsvarande hadde parkert langs med vegbana.

– Det blir litt kaos på slike dagar. Det er berre å beklage, seier Græsdal.

Skisenteret har klarert parkeringa i vegbana med politiet.

– Vi har fått lov til å skilte ned til 60 kilometer i timen ved behov. Det skjer innimellom i sesongen. Vi klarer ikkje å ha parkeringsplassar til alle, men det blir ikkje langt å gå til anlegget for dei som må parkere langs vegen.