Geirangerfjellet og Trollstigen opnar

Statens vegvesen opplyser i ei pressemelding at dei kjem til å opne Fv 63 Geiranger – Langvatn og Trollstigen i dag, onsdag.

Foto: Halgeir Dahle/Statens vegvesen.

Nyhende

Først ut er Trollstigen, som kjem til å bli opna klokka 09.00. Klokka 12.00 blir det opna for trafikk over Geirangerfjellet.

Øvst i saka kan du sjå dronefilmen som viser brøytearbeidet på Geirangerfjellet. Filmen er tatt av Halgeir Dahle for Statens vegvesen.

Stengt nattetid

Den første natta kjem vegen over Geirangerfjellet til å bli nattestengt, frå klokka 22.00 til klokka 08.00 torsdag morgon. 

– Det har vore mykje snø over Geirangerfjellet i år, men opningstidspunktet er normalt samanlikna med tidlegare år. Stavbrekkfonna har gått og vegen er no trygg, opplyser Statens vegvesen.

Dei legg til at vidare nattestenging vil bli vurdert.

Ny metode

– I år har vi ein ny entreprenør som har prøvd ut ein ny metode for brøyting. I staden for beltegåande fres har Veidekke brukt gravemaskin, som har fungert bra, fortel seksjonsleiar Ole Jan Tønnesen.

Ifølgje vegvesenet har det har vore normale mengder snø i Trollstigen dette året.

– Tidlegare har isnedfall vore eit problem, men det har ikkje vore tilfellet i år, skriv dei i pressemeldinga.