Byggjer hyttedraumen i Andersgrenda

Jorunn og Kjetil Kragset bur og arbeider i Oslo, men finn paradiset på Stranda. I løpet av nokre veker denne sommaren har draumehytta deira vakse opp av grunnen.

  Foto: Solveig Beate Brunstad

Nyhende

Då Sunnmøringen kom på besøk var hytta taktett og fasadane med småruta vindauge hadde teke form. Jorunn og Kjetil kan ikkje få fullrost naturen, Stranda kommune og lokale leverandørar med Stranda Anleggsservice i spissen.

– Vi kjøpte hyttetomta av Martin Vollen i påska då ho endå låg under ein meter solid snø. 30. mai var byggje-søknaden godkjent, og då stod maskinene klare til innsats. Vi er svært tilfredse med at entreprenøren klarte den knappe tidsfristen, slik at vi fekk støypt plate og kunne halde tidsplanen vår vidare.

– Tomta har også fått den aller beste tilstelling, legg Kjetil til.

Kjøper med hjartet

Jorunn arbeider i Norkart og Kjetil hos offshore-entreprenøren Aibel AS. Men kvifor vil ein familie busett i Oslo byggje hytte 50 mil unna, på Stranda?

– Her er så vakkert, vi elskar fjella og naturen her, og tomt og hytte kjøper vi med hjartet. Elles er vi jo begge sunnmøringar, oppvaksne i Ålesund. Vi har røtene her, mykje av slekta og mange vener, ramsar Jorunn og Kjetil opp i kor.

Draum om sunnmørsfjell

– Sjølv om vi har seglbåt og hittil har nytt mykje av fritid og feriar i Oslofjorden og langs svenskekysten, har vi ein draum imot dei sunnmørske fjella. Vi har fire døtre på 25, 24, 10 og 8, og vi vil gjerne dele fjell-paradiset med dei.


Ventar hytteboom på Strandafjellet

Strandafjellet er turmål nummer to etter Geiranger, og det har ei spennande framtid. Ikkje minst med tanke på fleire hundre nye hytter framover.


Slektsrøter i Stranda

– Elles blir det fint å få sitte på loftsarka og sjå ned mot Kjølåsen der mor Kirsti vart fødd og vaks opp. Tippoldefar min var post-omberar og gjekk utallige gongar den Trondhjemske Postvei over Ljøen til Sunnylven, seier Jorunn tankefull.

Kjetil runda forresten 50 sist veke, og den store dagen vart feira med ivrig snekring i hytta.

– Det er ei utfordring, men gir også ei ekstra glede å byggje hyttedraumen sjølv.

Naturleg hyttenamn

– Og hytta sitt namn?

– Pudderbu! Det kunne nesten seie seg sjølv.

– Vi er begeistra for alpinanlegget i Hevsdalen med gondolheisen som også er i bruk om sommaren. Vi blir nok ivrige brukarar av anlegget, men har også stor sans for frie fjellturar og likar å utnytte nyare utstyr som randonee-ski.

Inviterer frå Oslo

Helga rundt 1. mai hadde Jorunn med seg kolleger frå Norkart, og gjennomførte heile fire toppturar i Sykkylven og Stranda. No gler ekteparet seg til å invitere vener frå Oslo og flatbygdene til å oppleve alt Sunnmørsalpane har å by på. Slogen må bli eitt av måla, både for dei to yngste døtrene og for andre dei kan få med seg.

Nedanfor har vi lenka til to hyttesaker frå 2014.


Byggjer hytter trass eigedomsskatt

Stadig fleire skaffar seg fritidsbustad på Strandafjellet, og eigedomsskatten ser ut til å ha lite å seie for etableringsviljen.



Sjå kvar hytteigarane bur

Agderforskning sitt prosjekt "Rural mobilitet - Fritidsboliger" viser kvar eigarane av hytter i Stranda kommune bur til vanleg, og fordeling på kjønn og alder.