Tok med padleåre som "hemmeleg ting"

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) følte seg ikkje særleg høg i (kokke-)hatten då han stilte opp på kokkekamp under Strandadagane i helga.
Nyhende

Han hadde lite tru på eigne evner innan dette feltet, men alle deltakarane hadde høve til å ta med seg ein hemmeleg ting, anten ein ingrediens eller noko anna som kunne hjelpe. Tryggestad tykte det var trygt å ha med seg ei padleåre.

Tryggestad karakteriserte seg som ein fantastisk dårleg kokk, og fortalde at han var meir nervøs på deltakinga i kokkekampen enn han hadde vore på deltakinga på prateshowet Lindmo som skulle sendast på NRK laurdagskvelden.

Sjå kva han fortel til programleiar Synnøve Skarbø.

Dei Tryggestad kjempa imot var Rita Berstad Maraak, Frank Sve, Liv Signe Navarsete og "Farmen-Olav".