Landslag i matematikk

Andreårselev ved Vestborg vidaregåande, Une Andre Simonsen, skal delta i "Matematikk-OL" for ungdom på NTNU laurdag.
Nyhende

Då blir den internasjonale matematikkonkurransen, Balitc Way, arrangert med 11 land som konkurrerar om tittelen. Kvart land har fem elevar på sitt lag, der Vestborgeleven er ein av dei norske.

Denne veka er det norske laget samla ved universitetet for å førebu seg til konkurransen, i ein treningsleir i matematikk. Under konkurransen må laget samarbeide om oppgåvene.

- Eg vart invitert til å delta sidan eg var med i matematikkonkurransen Abel i førre skuleår, seier Une Andre Simonsen, om den sterke 18. plassen den gong.

Han er spent på den føreståande konkurransen, og seier Norge aldri har vunne Baltic Way, og at det dermed kanskje er på tide å endre det resultatet.