Torjus Aaland fekk proffkontrakt

19 år gamle Torjus Aaland frå Stranda er kjempeglad for å bli ein del av a-laget til Molde under sjølve jubileumsåret og heimkomsten av ”frelsaren” Ole Gunnar Solskjær.

  Foto: Arkivfoto

Nyhende

19-åringen frå Stranda fast del av troppen til eliteserielaget Molde FK, når Ole Gunnar Solskjær tek over som trenar i januar.

Torjus Aaland og Molde FK blei denne veka samde om ein eittårig kontrakt.

Aaland kom til Molde for to år sidan, og har vore hospitant til a-laget. I haust har han derimot vore fast på treningane til eliteserielaget.

Det skjedde då Uve Rösler tok over laget frå Rosenes by, og Torjus Aaland trur tilbakemeldingane frå Rösler var avgjerande for at han no har fått proffkontrakt med klubben.

- Eg er glad for at eg får denne sjansen, seier Aaland.

I vår avsluttar han vidaregåande skule, og seier vårsesongen avgjer om det blir vidare skulegang til hausten.

- Har du møtt den nye trenaren, Ole Gunnar Solskjær?

- Nei, men eg har snakka med han på telefon. Han sa at han gler seg til å sjå meg spele.

- Kor nær er du ein plass på laget?

- Eg var på benken mot Stabæk i haust. Eg vil vere ein utfordrar i år, og har fokus på å utvikle meg som spelar. Men eg skal pushe dei som er fast på laget, og skal vere klar om eg får sjansen, seier Torjus Aaland.