Alperitt i snøvær

Tarjei Korsbrekke var raskaste løpar i den forkorta Alperitt-løypa med tida 6,08 min. Med 345 påmelde vart det deltakarrekord.

  Foto: Herborg Bergaplass

Nyhende

Starten måtte flyttast ned til skoggrensa på grunn av sterk vind, og løparane køyrast opp til startpunktet i tau etter beltevogn.

Mange løparar sat i heisen då den stoppa, og det tok tid å evakuere, fortel Alperittgeneral Sigurd Drege. Det tok også tid å få opp løparane til starttidspunktet, difor vart rennet forseinka med vel ein time.

Snøveret gjorde sitt til at det ikkje var så mykje folk samla i sentrum som i fjor, då Alperitt-laurdagen var bada i sol. Men stemninga var god, ikkje minst i festteltet der Tyrolerorkesteret spelte på After ski-en.

Klassevinnarar

Kort løype

G14-15 år: Maraak, Sindre 08:02

G12-13 år: Bø, Kornelius 09:02

J14-15 år: Birkhol, Amalie Ringdal 09:11

J 12-13 år: Gjendem, Linnea 07:40

Telemark

G16-18 år: Støve, Niklas 06:50

H 19-20 år: Vole, Per Arne 06:27

H 30-39: Westerås, Jan Erik 06:10

H 40-49: Ingebrigtsen, Paul Rune 06:24

H 50 +: Aamelfot, Runar 07:06

J 16-18 år: Kjølseth, Guro 07:52

D 19-29 år: Vangsnes, Ronja 07:47

D 30-39: Hauge, Marta 07:30

Alpin

H 16-29 år: Korsbrekke, Tarjei 06:08

H 30-39 år: Urke, Magnus Fjørtoft 06:40

H 40+: Fet, Eivind 6:22

D 16-29: Tøsse, Erika Holand 07:11

D 30-39 år: Giskehaug, Hilde 08:36

D 40+: Sandvik, Mildrid 08:14

Snøbrett

H: Berge, Asbjørn 06:56

D: Øieren, Lise Mirja 08:38