Matte-talent i særklasse

Une Andre Simonsen er for tredje gong finalist i den store Abel-konkurransen.

  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Simonsen frå Volda går 3. året på Vestborg vidaregåande skule, og har markert seg som eit skikkeleg matematikk-talent. I fjor vart han nummer fem i finalen i den årlege Abel-konkurransen i Trondheim, året før nummer fire.

I år er Une Andre Simonsen igjen i finalen, som går torsdag 10. mars på NTNU. Seks av finalistane får delta i den internasjonale matematikk-olympiaden i Amsterdam i juli, med deltakarar frå meir enn 100 land. Simonsen har delteke i dei to siste olympiadane for Norge.

Matematikk-konkuransen ber namnet til ein av verdas største matematikarar, Niels Henrik Abel (1802-1929).

Dei aller fleste vidaregåande skulane deltek, og i den innleiande runden i år var det i alt 3879 deltakarar.

419 av desse gjekk vidare til andre runde, og av desse igjen nådde 22 finalen. Ein av dei 22 finalistane er altså elev ved Vestborg vidaregåande skule. Det gjev neppe høge odds å tippe at Une Andre Simonsen får delta i si tredje matematikk-olympiade.