Klar for OL

Une Andre Simonsen, elev ved Vestborg Vidaregåande skule, vart nummer to under finalen i Abelkonkurransen. Det gir billett til den Internasjonale matematikk-olympiaden.

  Foto: Arkivfoto

0

Nyhende

Unge Simonsen er ingen debutant i denne samanheng. Han vart nummer fem i finalen i 2010 av den store årlege Abel konkurransen i Trondheim. Året før hentet han hjem fjerdeplassen.

Mattegeniet, som opphavleg er frå Volda, har dermed representert Norge i den Internasjonale matematikk Olympiaden ved dei to siste høve. No får han sjansen igjen, når OL arrangerast i Amsterdam 16-24. juli 2011.

Une Andre SImonsen vart nummer to torsdag, klart slått av vinnaren Karl Erik Holter frå Stabekk vgs. Simonsen hadde klar margin ned til sjetteplassen som var siste plassering som ga OL-plass.

Det vart totalt gitt fire forskjellige oppgåver under finalen i Abel - konkurransen. Toppkarakteren 10 hausta Simonsen på ein av desse. Vinneren Holter fekk toppkarakter på tre av fire oppgåver, og vart suverent best av dei 22 deltakarane som nådde finalen.

Dei aller fleste vidaregåande skulane deltek, og i den innleiande runden i år var det i alt 3879 deltakarar. 419 av desse gjekk vidare til andre runde, og av desse igjen nådde 22 finalen ved NTNU i Trondheim.