Tryggestad blir ordførar

- Kjempeskrell, og langt meir enn eg hadde våga drøyme om, seier Stranda sin nye ordførar Jan Ove Tryggestad. Senterpartiet er den store valvinnaren, og får etter alle solemerke ordføraren i Stranda.
Nyhende

Senterpartiet, Ap og KrF har fleirtal i kommunestyret, ifølgje tala frå grovteljinga.

Sp kjem inn med 8 representantar, Ap med 3 og KrF med to representantar. Dermed får opposisjonspartia frå sist periode fleirtal i kommmunestyret, sjølv om SV fell ut av kommunestyret.

Jan Ove Tryggestad er strålande nøgd med resultatet, og er trygg på at han blir ordførar i Stranda neste periode.

- Er det kjekt å gå inn i perioden med fleirtal for Sp, Ap og KrF?

- Ja, men eg ønskjer å gå i dialog med Høgre og Venstre for å sjå om vi kan danne ein storkoalisjon. Det ønskjer eg å gjere for å stå sterkt når vi går inn i ein periode med store prioriteringar.

- Når blir du ordførarar hundre prosent?

- Eg vil vere ordførar frå dag éin. Samstundes må eg avslutte verva mine i Tine. Det bør bli avklart seinast i april. Eg trur ikkje innbyggjarane merkje det så mykje, og eg vil vere like tilgjengeleg for innbyggjarane som han eg tek over for.

- Kven blir varaordførar?

- Det blir klart i løpet av veka, håper eg.



Arild Ringdal (Ap) seier han er skuffa over resultatet, og hadde håpa på minst éin representant meir.

- Når både lokalavisa og Strandadagane legg opp til ein ordførarduell mellom Sve og Tryggestad, trur eg det har fått konsekvensar for oss.

Ringdal seier resultatet er så klart, at Ap vil peike på Jan Ove Tryggestad som ordførar i Stranda den neste perioden.

- Senterpartiet er den store vinnaren. Frp, sjølv om dei framleis er det største partiet, meiner eg er den største taparen i dette valet, seier Ringdal.