Sunnmøringen sendte Alperittet direkte

Sunnmøringen viste Alperittet direkte laurdag 25. februar.

  Foto: Maria Nerhus

Nyhende

Sjå årets utgåve av Alperittet på denne sida: http://www2.sunnmoringen.no/stream

Nytt tilbod

I samarbeid med Høgskulen i Volda, Alperittet 2012 og Stranda kommune har Sunnmøringen live-sending frå Alperittet laurdag. Sendinga er tilgjengeleg frå klokka 11.30 laurdag og fram til løparane kjem i mål.

– Dette er eit tilbod frå Sunnmøringen til dei som ikkje befinn seg i Stranda, er dårlege til bens eller av anna grunnar ikkje kan ta turen til Stranda sentrum. Vi håpar det slår an, seier redaktør Elin Sofie Lorvik.

Sunnmøringen viser den same produksjonen som går på storskjerm på Almenningen «alperittlaurdagen» laurdag 25. februar.

Om Alperittet

Årets Alperitt er det 18 i rekkja, og rennet er ein del av norgescupen i fjelltelemark. Det fyrste rennet gjekk av stabelen i 1995. Løypa er heile 6200 meter lang, går frå fjellet Roaldshorn, 1230 moh, ned snaufjellet, gjennom ein krevjande skogstrassè, over dyrka mark, ned gangvegen langs Storgata og endar rett utanfor dørene til rådhuset og kulturhuset i Stranda sentrum. Løyperekorden vart sett av Borgar Eliassen i 2005, med tida 6 minutt og 33 sekund.

201 førehandspåmelde

Då fristen var ute klokka 24.00 natt til fredag hadde Alperittet 201 påmelde på nett.

– Dette er ganske normalt, og vi veit at det kjem ein god del etterpåmelde i løpet av fredag og laurdag. Eg tippar vi passerer 250 før rennstart, og det er vi godt nøgde med, fortel alperittgeneral Sigurd Drege.

LES MEIR: Sjå bildegalleri frå Alperittet i fjor her.