Pioner som MF-professor

Liv Ingeborg Lied frå Stranda vart nyleg den første professoren i religionsvitskap ved Menighetsfakultetet (MF) i Oslo.

Professor-skiltet på plass til kontordøra til Liv Ingeborg Lied (MMS-foto) 

Lied får svært rosande omtale frå MF-rektoren og komiteen som har vurdert kompetansen hennar. 

Nyhende

38-åringen er ein av 60 av professorar i Norge som er under 40 år. I alt er det om lag 2.500 professorarar her i landet.

- Professor er det høgaste akademiske tittelen, så det er veldig kjekt. Og så det er det litt rart fordi det nesten er som når du vert mor, at du kjenner deg litt overvelda.

Liv Ingeborg Lied er også ein av få kvinnelege professorar i heile Norge. På MF er ho den tredje.

Lied var tilsett ved Universitetet i Bergen, der ho tok doktorgrad i 2006. Deretter jobba ho ved Universitetet i Oslo før ho vart førsteamanuensis på MF for tre og eit halvt år sidan.

Lærer RLE-lærarar

- Her er eit svært godt miljø. Og det ein stor variasjon i folk og kva ein kan studere. Lenge var MF ein presteskule, men på 1960-talet vart her også lærarutdanning. No kan ein dessutan ta samfunnsfag og religionsvitskap. Eg har vore leiar for lektorprogrammet, og undervist dei som skal verte lærarar i RLE i grunnskulen og i Religion og etikk på vidaregåande.

Sjølv vart ho hekta på religionsvitskap frå første dag ho studerte faget.

- Det er eigentleg om eit kulturfenomen som er litt annleis enn alle andre, og som held fram å leve sjølv i ein svært rasjonell verden. Religion har dei merkelegaste uttrykk, og eg har fått ein vitskapleg fascinasjon for faget.

Mor er professor også

Ho er dotter til Sidsel og Harald Lied, og budde på Helsem på Stranda til ho hadde fullført vidaregåande. Den ferske professoren skryt av undervisninga på vidaregåande, og meiner den la grunnlaget for seinare utdanning og karriere. Ho veit godt kvar ho har røtene sine, og held stort sett på dialekta frå heimbygda.

- Mamma har også vorte professor, så no er det både ein sr. og ein jr. professor i familien. Folk tenkjer at det kanskje er derfor eg har vorte professor, men då eg vaks opp var både ho og far min lærarar på Ringstad skule. Mor vart professor i religionsdidaktikk for fem år sidan, og ho arbeider på Hamar ved Høgskolen i Hedmark.

Rektor Vidar L. Haanes ved Menighetsfakultetet (MF) er glad for å ha fått Liv Ingeborg Lied (38) frå Stranda som ny professor.

- Ho er ein stor fagleg ressurs, ein særs dyktig lærar og ein hyggeleg medarbeidar. Det er ei storhending at MF no har fått sin første professor i religionsvitskap – og dertil ein yngre kvinne med eit omfattande nasjonalt og internasjonalt kontaktnett, seier Haanes.

Stor fagleg autoritet

Lied er tilkjent professorkompetanse etter vurdering av professor Anders Klostergard Petersen (Universitetet i Aarhus), professor Lisbeth Mikaelsson (Universitet i Bergen) og professor Karl Olav Sandnes (MF).

Komiteen peikar på at ho har ein omfattande produksjon og opptrer på fleire arenaer med kvalifisert kompetanse, stort sjølvstende og faglig autoritet. I doktoravhandlinga si fra 2006 (UiB) undersøkte ho  forestillinger om landet Israel i det jødiske, pseudopigrafiske skriftet 2. Baruk. Ho har vidare undersøkt bruken av dette skriftet i kristen syrisk tradisjon. Et tredje tyngdepunkt i hennar kompetanse er «religion, media og populærkultur”.

Språkkunnskapane hennar omfattar syrisk, gresk, hebraisk og latin.

Komiteen skriv at Lied allereie har markert seg som ein stemme i dei relevante fagmiljøa.

- Alle arbeida hennar, same kva felt dei høyrer heime i, viser ei interesse for og kompetanse i moderne teoriperspektiv brukt på materialet som vert undersøkt. Ho er ein religionsvitar som famnar breitt, med basis både i klassiske religiøse tekstar og i moderne religiøsitetsuttrykk, uttaler komiteen.