Suveren hoppsesong for Rishi

Rishi Vellupillai (16) vann RC-cupen i hopp samanlagt. Sist torsdag blei det gjort stas på den talentfulle liabygdaren under ei enkel tilstelling i Fjellbakken på Stavsengfjellet.

Skihoppar og RC-cupvinnar i samanlagt Rishi Vellupillai er takksam både til stefaren Jens Petter Overå (t.v.) og trenaren Per Ivar Skodjereite som begge har vore viktige for at han har kome så langt som han har gjort. 

Det lengste Rishi har hoppa her i Fjellbakken er nesten 77 meter, " men då gjekk det på snørra", flirer han. 

Nyhende

Sindre Helland, som tok initiativ til hoppanlegget og har støtta det i alle år etter, var ein av dei som hylla RC-vinnaren:

- Dette er den største idrettsbragd som nokon idrettsutøvar frå Liabygda nokon gong har gjort, sa han før det blei marsipankake og gåveoverrekking.

Leiar for Liabygda Idrettslag, Jostein Dalen, gratulerte også.

- Vi er kjempeimponerte. Liabygda er kjempekrye over deg som får det så godt til i ei så lita bygd og i eit så lite miljø, sa han.

Trenar Per Ivar Skodjereite såg kva talent som budde i guten, alt då han var ganske liten:

– Eg såg med ein gong at det var noko spesielt med Rishi. han skilde seg ut både med hoppinga og med typen han er. Han er ein svært roleg og kjekk kar i tillegg til at han høyrer godt etter det som blir sagt og tek lett instruksjon, seier Skodjereite til Sunnmøringen.

Takksam og nøgd

Rishi smilte, takka og syntest det var koseleg og gøy at idrettslaget og andre laga så mykje «styr» for han. Sjølv er han svært nøgd med sesongen.

- Det har vore kjempebra hopping i alle konkurransane mine denne sesongen. Å vinne RC-cupen var toppen. Sidan det er siste året mitt der er det veldig kjekt å kunne vinne til slutt, seier Rishi til Sunnmøringen.

Samanlagt-sigeren er den største sportslege opplevinga hans til no.

- Denne sesongen har vore heilt suveren. Eg har vunne fire, eller fem renn denne sesongen. Og kan rett og slett ikkje be om noko meir frå meg sjølv, så det har vore supert i år.

Fekk plass på NTG

Rishi sitt store mål ei tid har vore å kome gjennom nålauget på hopplinja ved Norges Toppidrettsgymnas (NTG) på Lillehammer. Og han er svært nøgd med at det lukkast.

- Kva er målet på sikt?

- Eg har sjølvsagt ein drøm om å bli verdens beste skihoppar, seier han og smiler, før han legg til at han svært gjerne vil bli junior-norgesmeister ein gong.

Trening og god støtte

- Korleis har du blitt så god som du er no?

- Det er trening. Eg har hatt veldig god trenar, anlegget har vore perfekt kvar gong eg har vore her, og ikkje minst, har stefaren min (Jens Petter Overå), køyrt meg rundt på hopprenn. Det var han som tok meg opp i bakken her første gong då eg var liten. Og hadde det ikkje vore for han, hadde eg aldri blitt så god som eg er i dag. Eg hadde heller ikkje orka å trene så mykje som eg har gjort.

Det lite sunnmørske namnet har Rishi Vellupillai frå sin biologiske far, som kjem frå Sri Lanka.

Ungguten skryt over løypeprepareringa og heile hoppanlegget Fjellbakken, som ligg fem minutts køyretur frå heimen. Om vinteren er han opp dit minst to gonger i veka. Og så reiser han rundt i landet kvar helg i hoppsesongen. Då er det trening om fredagane og renn kvar laurdag og søndag.

- Eg brukar å ha ein liten pause no når sesongen er over. I påskeferien får eg gjere som eg vil. Eg har ein hobby å gå på toppturar, som eg synst er veldig kjekt, det er alternativ trening. Det blir ein pause no ei lita stund, men eg kjem til å oppretthalde litt spenst og kondis og sånn.

Flaug 140 meter på ski

Kor langt kan du hoppe i Fjellbakken?

- Det er eit kritisk punkt på 66 meter i den største bakken her, men eg har hatt mange lange hopp her på trening og på renn. På renn her hoppa eg ein gong 74 meter. Ein gong det var litt trekk imot i bakken hoppa eg nesten 77 meter, men då gjekk det på snørra, for å seie det sånn. Det var ei heilt sjuk oppleving å flyge så langt i denne bakken her.

Han fortel at det lengste han har hoppa nokon gong er 130 meter i Lysgårdsbakkane på Lillehammer.

- Eg hadde ei ganske sjuk oppleving der også. Eg hoppa 140 meter, men så datt eg, og då godkjenner eg ikkje det for meg sjølv. Så eg seier 130 meter som den personlege rekorden min.

Hektisk med skule og hopp

Rishi er svært takksam til alle som har hjelpt han fram, mellom anna dei lokale sponsorane i Stordal og Stranda. Utan dei hadde han aldri hatt råd til å reise så mykje som han har gjort.

- Korleis har du takla skulearbeidet ved sidan av så mykje trening og reising?

- Det har vore ganske hektisk, men eg har nok fått det til på ein måte, ved å snakke med lærarane mine på skulen for å finne eit best mogleg opplegg. Men det har vore ganske masse å gjere heile tida. Heim igjen på søndag om kvelden, ofte om natta med, og rett på skule og lekse. Det er ganske mentalt utslitande, men eg har no fått det til. Og no ser eg veldig fram til å begynne på NTG. Der er det bra tilpassa, seier Rishi Vellupillai.