Alperittet blir utsett ein månad

Lite snø gjer at komiteen for Alperittet måndag ettermiddag bestemte seg for å utsette heile rennet til 22. mars.

Alperittet nummer 20 er utsett til 22. mars.  Foto: Arkiv

–  Vi vil gjerne at Alperittet skal vere ein folkefest med liv og røre på Sløgstad, seier Sigurd Drege. 

Nyhende

–  Dette arrangementet har etter kvart blitt så stort og det er så mange å ta omsyn til at vi kan ikkje vente til to dagar før med å ta avgjerda i år. Då vel vi å vere så vaksne at vi utset det, og vi set dato for nytt renn allereie no. Og vi håpar at alle ser positivt på at vi prøver å få til eit skikkeleg arrangement om vel ein månad, seier alperittgeneral Sigurd Drege til Sunnmøringen.

Alperittet har, heilt sidan starten i 1995 hatt undertittelen «Frå tind til fjord».

Planlegg folkefest på Sløgstad

–  Verprognosane for den neste veka gjer at hovudkomiteen ikkje ser det muleg å skipe til renn heilt ned til Stranda sentrum. Sidan årets renn er det 20. i rekkja vil vi gjerne at Alperittet skal vere ein folkefest med liv og røre på Sløgstad, og arrangementet har såleis fått ny dato i mars, seier Drege i ei pressemelding som blei sendt ut seint måndag kveld.

Skjer likevel mykje på fjellet og i sentrum

Drege understrekar at ein ikkje avlyser vinterferien av denne grunn.

–  Stranda Skisenter kjem til å køyre sitt oppsette program, for ein stor del, og kanskje til og med utvide med fleire aktivitetar. Dei kjem til å lage andre arrangement i skisenteret i tillegg til dei tidlegare annonserte. Og i sentrum vil både hotellet og kulturhuset ha nye tilbod til publikum. Så folk må ikkje la vere med å kome til Stranda i vinterferien, sjølv om Alperittet blir utsett, seier han.

Reknar med nok snø i mars

Alperittet har etter kvart vorte så stort at komiteen ikkje ønskjer å lage noko halvvegs arrangement.

– Vi ser det som ei betre mulegheit å skipe til rennet, med alt som høyrer til, i slutten av mars. Truleg har det då kome nok snø til at vi kan lage den store folkefesten som vi vil at dette skal vere.

Drege ber løparar og publikum følgje med på heimesider og i media om komande nyhende for vinteferieveka på Stranda og nye opplysningar om Alperittet 2014.

Sjå tilbake på Alperittet i fjor

I fjor vart det eit strålande vêr og ei flott oppleving for både publikum og utøvarar. Sjå bildekarusell her.