Detaljert sjokoladekunst

Bengt Dahlberg håpar at hans nye konsept kan vere representativt for noko av det Geiranger har å by på.
Nyhende

- Frå eg fekk ideen til produkta blei lansert, har det gått fire år, seier den daglege leiaren ved Geiranger sjokolade.

Ideen er i utgangspunktet enkel, nemleg å lage sjokolade av og med kjente motiv frå Geiranger.

Desse motiva er Dei sju systre, naustrekka, Flydalsjuvet og ulike cruisebåtar.

Vegen fram til dei ferdige produkta har vore alt anna enn friksjonsfri.  Dahlberg brukte lang tid på å finne ein person som kunne lage gode og detaljerte nok former.

Fleire av dei han møtte var nemleg ikkje stand til å levere det han var ute etter.

- Med tanke på at eg ikkje har bakgrunn i bransjen og derfor ikkje har så mange kontaktar, brukte eg nok ekstra lang tid på å finne rette formgjevaren.

 Men dette er også eit handverk som krev ei spesiell form for kompetanse. Det er snakk om veldig mange detaljar, fortel han.

Dahlberg fann rette vedkomande i Nederland, via eit firma som spesialiserer seg på sjokoladeformer.

Les meir om saka i laurdagsutgåva av Sunnmøringen, eller last ned eavis her.