Lang ventetid på Eidsdal-Linge

Arkiv  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Om du skal med sambandet Eidsdal-Linge på FV63 til Geiranger i dag, må du smørje deg med stort tålmod.

Fjord1 melder onsdag ettermiddag om at det er mellom ein til to timar ventetid på sambandet, frå Linge ferjekai.

Dette grunna stor trafikk på strekninga.

Klokka tre onsdag ettermiddag melder Fjord1 om framleis stor trafikk - men at ventetida no er gått ned til rundt ein time.

Sambandet blir trafikkert av tre ferjer.

Opner kyrkja

- Geiranger kyrkje blir opna i dag i samband med ulukka som hendte i Geiranger i går, fortel fungerande kyrkjeverge Jan Olav Hesthaug til Sunnmøringen.

Ein gut på nesten to år fall i går ettermiddag i elva i Geiranger sentrum, og store styrkar var ute og leita etter guten. Han vart seint tysdag kveld funne omkommen.

Geiranger kyrkje opner klokka halv ti, sokneprest Morten Gravdal er tilstades frå klokka ti.

Kyrkja er open utover dagen, opplyser Hesthaug.

Eidsdal - Linge får avvik frå ruta

  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Fjord1 melder tysdag ettermiddag at det blir avvik på ferjesambandet Eidsdal-Linge i samband med leiteaksjonen som føregår i Geiranger.

Eit mindreårig barn har ramla i elva ved Hotell Union, og det pågår søk tysdag ettermiddag.

Ruteavviket på Eidsdal-Linge gjeld transport av utrykningskøyretøy til Geiranger.

Ein må pårekne forsenkingar på sambandet utover ettermiddagen/kvelden.