Toalettforholda i Sunnylven

- Underdimensjonert

Styreleiar for Sunnylven samfunnshus har sendt bekymringsmelding til Stranda kommune.
+ Abonnent

Løysinga med offentlege toalett i Sunnylven kom i stand i fjor, og kommunen fekk då på plass ein avtale mellom Stranda kommune og Sunnylven samfunnshus.

Dei offentlege toaletta er samfunnshusbygget.

- Det syner seg, slik det vart advart mot, at avløp frå toaletta ikkje er dimensjonert til slikt bruk som det er no, skriv styreleiar Tor Arne Tryggestad til kommunen.

Han viser til at han vart oppringd av vaktmeister ved skulen, etter at ein brukar fortalde at toaletta var gått heilt tett. Då var det eit cruiseskip til kai i Hellesylt, og mange turistar i gatene.

- Det var liknande situasjonar sist somar òg, skriv Tryggestad.

Etter kva Sunnmøringen erfarer, gjekk det tett midt under Hellesyltdagane i fjor med fleire tusen vitjande i Sunnylven.

I brevet skriv styreleiaren at avtalen mellom kommunen og Sunnylven samfunnshus må opp til ny vurdering, om forholda ikkje betrar seg.

- Sunnylven samfunnshus har ikkje økonomi til dette, skriv han.

- Motfall

Stranda kommune har svart på brevet, og seier at det blir ordna opp slik at bygget kan bli brukt til den tradisjonelle nasjonaldagsfeiringa i Sunnylven.

- Stranda kommune har i 2017 filma avløpsrøyra, og det syner seg at det er eit strekke med motfall som gjer at avløpet ikkje renn tilstrekkeleg unna, skriv sakshandsamar Cato Andersen.

Strekket er innomhus, noko som gjer at delar av gulvet må slåast opp for å utbetre feilen.

- Eit slikt arbeid er kostbart, og bør sjåast i samanheng med rehabilitering av Sunnylven skule som er inne i budsjettplanen for 2019, skriv sakshandsamar.

Stranda vil sette inn andre avbøtande tiltak før ein skifter ut røyra.

- Stranda kommune håper at dei mellombelse tiltaka vil betre situasjonen, og vil følge situasjonen fortløpande, står det i svarbrevet.