Rekord i Strandaelva

Slik landa han storlaksen

Ein 40 år gamal Rauma-sluk var det som skulle til for å få rekordlaksen på kroken. Ole Jørgen Sve er nøgd med natta sin fangst.

Storfisk Ole Jørgen Sve kjempa ein halv time natt til torsdag før han fekk kleppen i den 19,4 kilo store laksen i Strandaelva.  Foto: Johan Behrentz

+ Abonnent

-Eg skulle avslutte fisket for natta ved halv fem tida, men ville prøve ein siste gong ved Laksehølen i sone 1. Eg hadde sett meg ut eit par laksar på rundt åtte–ti kilo som låg på botnen der. Eg prøvde først med makk, men det gjekk ikkje. Far min, som har vore storfiskar i alle år, gav meg for nokre dagar sidan eit par Rauma-slukar. Dette var slukar som var populære på 1970 og 1980-talet, seier Sve.


Laksefiske

Rekordlaks i Strandaelva

Natt til i dag vart den største laksen i ordinært fiske, tatt i Strandaelva.



Laksen kom opp

– Eg tenkte at eg måtte gje desse slukane ein sjanse og heiv ut to tre gongar utan å få napp. Sluken dreiv litt nedover i steinane, og plutseleg hogg den store laksen i. Han var på veg oppover elva. Eg ville halde han i hølen. Dersom han gjekk ned att, ville sjansen vore stor for at sena blei kutta mot dei store steinane, seier Ole Jørgen Sve.