Ønsker debatt

– Utdannar seg vekk

Arild Ringdal (Ap) vil starte ein debatt om fråflytting.

Tek debatten: OrdførarJan Ove Tryggestad (Sp) ønsker debatten om fråflytting velkommen, men påpeiker at kommunen allereie har fleire tiltak mot fråflytting – deriblant eit godt samarbeid mellom næringsliv og skule. arkivfoto  Foto: Johan Behrentz

+ Abonnent

– Vi driv kontinuerleg politikk for å stogge fråflyttinga, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.

Under kommunestyremøtet i september spurte Arild Ringdal (Ap) ordføraren om korleis kommunen kan få unge frå Stranda til å velje utdanning slik at dei kan bu i kommunen.

Ringdal viste til eit prosjekt i Vanylven, der gutar i 8. trinn får prøve seg som leikeressurs i barnehage. Han peika også på elevar ved Sunnylven skule som kan velje omsorg som valfag, og besøke eldre i omsorgsbustader.

– Problemet er at unge utdannar seg vekk frå Stranda, ei typisk industribygd. Samstudens slit yrkesfaga med låge søkertal. Kan kommunen marknadsføre betre alle moglegheitene vi har, spør Ringdal.

Har alt tiltak

Ordføraren meiner kommunen alt har tiltak mot fråflytting, og viser til godt samarbeid med næringsliv og skular. Temaet skal dessutan innarbeidast i den strategiske næringslivsplanen.

– Den siste tala synte den svakaste vekst i folketal på over 10 år. Har ein lukkast godt nok då?

– Fråflytting er ei utfordring, vedgår Tryggestad.

– Trass i vanskeleg økonomi, har vi prioritert tiltak for å hindre nedgang i folketalet. Men det er ei kompleks problemstilling, så det finst diverre inga «Quick fix».

Gode lokalsamfunn

– Eg kjem til å vere i dialog med ungdomsrådet, seier ordføraren, for å høyre korleis kommunen kan bidra til at unge flyttar heim.

– Både kommunen, lokalsamfunn og dei unge sjølve må på bana. Men ein god oppvekst er heilt klart noko kommunen bør legge til rette for, for det dreg folk heim att, meiner Tryggestad.

Han trur stabile lokalsamfunn er viktige.

– Folk forventar eit visst tilbod der dei bur. Difor bør vi ha barnehagar og skular nært folk.

Elisabeth A. Opsvik, vald inn for Høgre, held også fram lokalsamfunna.

– Kommunen må ha attraktive tomter i alle krinsane. Men vi har alle eit medansvar for å gjere kommunen vår betre, meiner Opsvik, som sjølv har flytta attende.

– Kva for målsetting har du som ordførar til folketalsutviklinga framover?

– Målet må vere ein svak vekst i folketalet. Ein storby blir vi aldri. Men vi klarer oss bra i høve til andre distriktskommunar, meiner Tryggestad.