Takahiro Nishii frå Japan sprang i Stranda Fjord Trail Race:

– Eg har verkeleg sett fram til denne dagen

Takahiro Nishii i prat med medarrangør Martin Kristoffersen etter målpassering. 

Sport

Det var fleire utanlandske namn å finne blant årets deltakarar i Stranda Fjord Trail Race. Blant dei var Takahiro Nishii, som fortel at han har heldt til i Oslo dei to siste månadane.

Snowboardaren frå Osaka i Japan seier han er svært glad i utandørsaktivitetar og i å springe fjelløp. Då han kom til Norge begynte han å Google etter moglegheiter for å sjå meir av den norske naturen.

Blant resultata han fekk opp, var Stranda Fjord Trail Race.

– Det såg så vakkert ut. Difor har eg verkeleg sett fram til denne dagen, fortel han etter målpassering på Paviljongen Roalden i dag, laurdag.

Han sprang ikkje på tid, men hadde meldt seg på mosjonistklassen. Det gav han god moglegheit til å ta inn den vakre naturen – både med og utan kamera.

Nishii fortel at dagen har vore fantastisk – og er klar på kva det beste med besøket på Stranda har vore:

– Naturen og folka!, seier han, og slår ut hendene mot den vakre utsikta – og mot dei mange frammøtte, som heia japanaren og dei andre deltakarane i mål.


Knuste kvinnerekorden

Det vart også ny rekord blant herrane i dagens Stranda Fjord Trail Race.

 
Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Sport