Sjå oversikta

Fleire lokale skyttarar er kvalifiserte til finalen i cup

Brørne Isak (tv), Kristian og Ørjan Frøysadal Hauge er alle kvalifiserte til finalen i ToyotaCup 2017. Biletet er frå Lerum Cup i Sogn, som blei arrangert 19.–21. mai.  Foto: Sunnylven skyttarlag

Sport

Nordfjord skyttarsamlag skriv i ei pressemelding at fleire skyttarar frå Stranda kommune har kvalifisert seg til finalen i ToyotaCup 2017.

I juniorklassane

Isak Frøysadal Hauge (2.-plass) og Ørjan Frøysadal Hauge (3. pl.) frå Sunnylven skyttarlag har kvalifisert seg i rekruttklassen.

I klassen Eldre rekrutt finn ein Kristian Frøysadal Hauge på førsteplass. I denne klassen er Martine Sve frå Stranda skyttarlag første reserve.

Seniorskyttarar

På førsteplass i klasse 5 er Ivar Fivelstad frå Sunnylven, medan Kjell Oddvar Frøysa frå same skyttarlag er på førsteplass i klasse 4. I kl. 4 er også Trygve Aaland Tryggestad, Dag Andre Hauge (begge Sunnylven) og Ola Vangen frå Stranda skyttarlag kvalifiserte. Nils Olav Frøysa (Sunnylven) er reserve.

I klasse 2 er Rune Tryggestad frå Sunnylven på førsteplass føre finalen.

Finalen går av stabelen komande søndag, 13. august. Arrangør er Haugen skyttarlag.

Du kan sjå heile lista over kvalifiserte skyttarar her:

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Sport