Er Bjarne Solbakken den beste idrettsutøvaren gjennom tidene?

Dette spørsmålet stiller Sunnmørsposten no til lesarane sine.

Bjarne Solbakken på oppdrag for NRK under VM i St. Moritz.   Foto: Privat (Arkiv)

Sport

Ein jury frå avisa har valt seg ut det dei meiner er dei ti beste idrettsutøvarane frå nedslagsfeltet sitt. Blant dei er Bjarne Solbakken, som kan skilte med fire pallplasseringar i verdscupen. Gullet sikra han 7. desember 2003, i super-G-rennet i Beaver Creek. I OL i 2002 fekk Solbakken femteplass i super-G og sjetteplass i storslalåm.

Dei andre atletane på lista er Ann Kristin Aarønes, Tarjei Bø, John Arne Riise, Tore André Flo, Nina Løseth, Olav Lundanes, Karsten Warholm, Anders Fannemel og Johannes Thingnes Bø.

Felles for dei alle er at dei har vunne Sunnmørsposten sin årlege idrettspris.

Avisa spør kven av desse ti som er den aller beste gjennom tidene – og inviterer lesarane til å gi si stemme. Anledninga til avstemminga er Karsten Warholm si deltaking i VM-finalen i 400 meter hekk i kveld, onsdag.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Sport