Valldal IL

Skal teste meisterskapsløype med sonerenn

Sigrid Eide Stavseng, Liabygda IL, på startstreken i klasse jenter 10 år (f. 2007) under sonerennet som Liabygda IL arrangert i februar 2017.  Foto: Hilde Wenge

Sport

Førstkomande søndag, 7. januar, arrangerer skigruppa i Valldal IL sonerenn i fristil.

I invitasjonen skriv dei at sidan klubben skal arrangere Midt Norsk Meisterskap i 2018, ønskjer dei å teste løypene. Derfor skal dei aldersbestemte klassane frå 11 til 16 år gå meisterskapstraseen, som er på 2,5 kilometer.

Distansen for alle klassar er som følgjer:

0 – 8 år: 1 km

J/G 9 og 10 år: 1,5 km 

J/G 11 – 16 år: 2,5 km

K 17 og eldre: 5 km

M 17 og eldre: 10 km

I kalenderen til skigruppa i Valldal IL, kan ein sjå at Midt Norsk Meisterskap går av stabelen 3. og 4. februar.

Før den tid er det også Storfjordcup (16. og 30. januar) og sonerenn i Liabygda/Stordal (27. januar).