Sykkylven/Stranda:

Klinka til med 20 mål i andre omgang

Illustrasjonsbilete frå arkivet.  Foto: Anniken Westad

Sport

Damelaget i handball blei for tøffe for Hødd i helga, skriv Vikebladet Vestposten.

Dei leia kampen til pause, 7–12, og i andre omgang blei det 20 mål til for Sykkylven/Stranda i Ulsteinhallen. Laget vann til slutt 13–32.

Sykkylven/Stranda speler i TrønderEnergi-serien, 4. divisjon. I skrivande stund ligg dei på fjerdeplass på tabellen, bak Spjelkavik 2, Ørsta og Rollon/Aksla.

Så langt denne sesongen har handballaget vunne 7 av 12 kampar, éin har vore uavgjort og fire har enda med tap. Dei har 15 poeng etter å ha spelt 12 kampar. Tabelleiar Spjelkavik 2 har 17 poeng etter 10 kampar, det same har tabelltoar Ørsta.

Neste kamp for Sykkylven/Stranda er søndag 21. januar. Då møter dei Bergsøy 2 i Sykkylven storhall.