Sanna Aslaksen:

Er teke ut på fylkeslag

  Foto: Arkiv

Sport

Sanna Aslaksen, som er frå Stranda men spelar for FK Sykkylven, er teke ut på fylkeslaget J15. Dei skal møte Trøndelag i Abrahallen komande helg.

Ifølgje programmet får spelarane ein tidleg start laurdag, med ferjeavgang frå Hareid klokka 06.30. Etter planen vil dei vere i Malvik kl. 13.15, og første kamp er kl. 17.00. Dei skal òg møte fylkeslaget frå Trøndelag søndag kl. 10.30.


 

Heile J15-troppen frå Møre og Romsdal er som følgjer:

Benedicte Lund Berge, Blindheim IL

Mia Lystad, Molde FK

Maria Sætren, SK Herd

Sanna Aslaksen, FK Sykkylven

June Grønseth, Bud IL

Maria Erstad, FK Sykkylven

Emma Bunes, Clausenengen FK

Mia Olufsen, Dahle IL

Karen Skralthaug, Surnadal IL

Tora Ose, Ørsta IL

Kathrine Ramstad, SK Herd

Jenny Fylling, Langevåg IL

Helene Hansen, Aksla IL

Carmen D Hoseth, SK Herd

Karna Solskjær, Clausenengen FK

Lea Dahle, Langfjorden FK

Julia Remøy, Aksla IL

Laget sine trenarar er Eirik Hoset og Geir Hansen.

Eit fylkeslag for J14 og G15 skal også til Trøndelag, ifølgje Nordmøre og Romsdal fotballkrins. På J14 laget er det ikkje teke ut spelarar frå Sunnmøringen sitt nedslagsfelt, og uttaket til G15 er ikkje lagt ut.