Fylkeskommunen vil ta "jenteløft" i fotballen

Sport

Møre og Romsdal fylkeskommune har initiert prosjektet "Jenteløftet i fotballen i Møre og Romsdal 2018-2020".  Målet er å få fleire jenter til å spele lengre, skriv dei på heimesida si.

For der ein av fem gutar fortset å spele fotball etter fylte 16 år, viser det seg at den same delen for jenter er ei av ti.

- Prosjektet skal også medverke til å skape varig endring i haldningar til jentefotball og det skal bli kunnskap om jentefotball. Det er også eit mål å få fleire jenter til å ta trenarkurs og  fleire jenter engasjert på leiarnivå, opplyser fylkeskommunen.

Dei fortel òg at medan det var tre mannlege eliteserielag i Møre og Romsdal i 2017, var det fem kvinnelag på nivå tre og ingen lag på dei to øvste nivåa.

- Dersom fleire jenter fortsett å spele fotball, kan det bidra til sterkare forankring i lokalmiljøa. For desse jentene kan eit godt tilbod bremse flytting frå fylket, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen i ein uttale.

Fylkesrådmannen har sett av 500.000 kroner per år til prosjektet, og sentrale samarbeidspartar er fotballkrinsane Sunnmøre og Nordmøre og Romsdal, samt Møre og Romsdal idrettskrins.

No i vinterferien har dei to krinsane hatt fotballturnering for J14 og J15. Det er teke ut fylkeslag i desse to aldersklassane, som skal til Trøndelag komande helg. Blant spelarane som er teke ut, er Sanna Aslaksen frå Stranda og FK Sykkylven (J15).