Onsdag ettermiddag:

Rishi skal hoppe i NM

Bilete frå arkivet.  Foto: Svein Halvor Moe

Sport

Rishi Sæther frå Liabygda IL er blant dei påmelde deltakarane når noregsmeisterskapen i hopp stor bakke (K120) går av stabelen i ettermiddag, onsdag.

Det er også OL-heltane Daniel-André Tande, Robert Johansson, Andreas Stjernen og Johann André Forfang – som vann eit historisk laggull i den store bakken i Pyeongchang for halvannan veke sidan.

Den siste tida har også vore «gull-god» for Sæther, som fekk sin første siger i noregscupen laurdag 10. februar.

Noregsmeisterskapen går føre seg i Holmenkollbakken. Først ut er kvalifiseringshoppet for alle dei 75 startande. Det er dei 50 beste som kvalifiserer seg til første omgang.

Både 1. omgang og finalerunden blir sendt på NRK.