Fortset som sportssjef for alpinistane

Claus Johan Ryste forlenger avtalen som sportssjef for alpint til ut 2023-sesongen.

  Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Sport

– Vi er svært stolte av å kunne offentleggjere at vi har fornya kontrakten med Claus som sportssjef for alpint i Norges Skiforbund. Den nye kontrakten gir oss tryggleik, føreseielegheit og sørgjer for vidare utvikling av norsk alpinsport også dei neste fem åra, seier leiaren i alpinkomiteen, Ola Evjen, i ei pressemelding frå Norges Skiforbund.

Ryste, som er frå Stranda, har vore øvste leiar og ansvarleg for alpint i Skiforbundet sidan 2010.

– Eg takkar for tilliten og er topp motivert for å leie og utvikle norsk alpint også dei neste fem åra. Resultata i OL inspirerer oss alle til å fortsette det gode arbeidet som blir gjort på landslaga og over heile landet, seier Ryste.

(©NPK)