Stranda G16 vart fylkesmeistrar

Fylkesmeistrar i G16: Bak frå v: Elias Røyr, Mats Aal Løvlid, Ola Slettebak, Johan Fagerstrøm Øye, Daniel Alme Åsen, Simon Mikal Brune, Framme frå v: Marcus Djupvik Myhre, Uvakaran Segaran, Jørgen Eliassen, Christian Andre Taraldset Løseth og Kai Ronny Vikan  Foto: Tove Aal

Sport

Stranda-gutane avgjorde serien alt laurdag ettermiddag då dei slo botnlaget Haram 28–10. Søndag ettermiddag møtte dei Elnesvågen/Molde i Strandahallen. Også der gjorde dei kort prosess og vann 26–15.

Diverre ser det ut til at det gode laget sprekk opp til neste sesong, så kampen søndag var farvel med heimepublikum. Ein kamp står att, utekamp mot Spjelkavik 2 komande laurdag.

I ei elles travel handballhelg vann Stranda J16 17–15 mot Frøya i Toppserien søndag. På laurdag tapte jentene 22–25 mot Byåsen. Begge kampane gjekk i Strandahallen.