Skal gå i "Kong Haralds Ungdomsstafett"

Kristine Hjellbakk Hole. Bilete frå arkivet. 

Sport

Dei beste 15-16-åringane i Møre og Romsdal skikrets er teke ut til stafetten, som går føre seg i Holmenkollen søndag morgon. Det skriv skikrinsen i ei pressemelding.

Blant dei som tek turen til Oslo, er Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL.

Dei andre utøvarane i troppen er som følgjer:

  • Lone Lorgen Øvrebust, Stordal IL
  • Guro Vollan, Tomrefjord IL
  • Julie Strand Aunan, Molde og Omegn IF
  • Eskil Linge Glomnes, Valldal IL
  • Iver Nås, Eide IL
  • Vemund Svergja, Molde og Omegn IF
  • Iver Synstnes Hole, Åndalsnes IF

«Kong Haralds Ungdomsstafett» er ein årleg mix-stafett for 15- og 16-åringar. Arrangør er Oslo skikrets i samarbeid med mellom andre Norges skiforbund og Skiforeningen. Også i år er den lagt til same helga som verdscupen i Holmenkollen.

Komande helg blir det ikkje arrangert krinsrenn eller Sparebanken Møre Cup-renn, opplyser Møre og Romsdal skikrets.