Slo Stordal i treningskamp

Tobias Lillebø Hjelle sikra siger på eit straffespark ti minutt før slutt i treningskampen mot Stordal torsdag kveld. Arkivbilete.   Foto: Anniken Westad

Sport

Stranda sitt a-lag slo Stordal 1–0 i ein treningskamp torsdagskvelden. Tobias Lillebø Hjelle scora sikkert på eit straffespark om lag ti minutt før slutt. Straffesparket kom etter at Martin Solheim vart lagt i bakken innanfor 16-meteren.

Rapportane frå Stordal seier at det var stor framgang kampen mot MSIL sist veke. Særskilt var trenarane glade for å halde tett bakover. Ein spanande nykomar fekk prøve seg, Eimantas Simanauskas. Rapportane fortel at han kan bli ein solid tilvekst i forsvaret til Stranda.

Neste oppgåve for det unge Stranda-laget er kamp mot Vigra torsdag i neste veke. Kampen skal gå på Vigra.