Toppar tabellen

Stranda slo Skodje

Scora åtte mål: Solveig Orheim var toppscorar i kampen mot Skodje torsdag kveld. Arkivbilete frå eit straffekast mot Molde i september i fjor.   Foto: Arild Ringdal

Sport

Stranda J16-02 slo Skodje 19–15 i TrønderEnergi-Serien torsdag kveld. I Strandahallen leia heimelaget 9–8 ved pause. Dei to poenga betyr at Stranda toppar tabellen saman med Langevåg.

Dei to poenga gjer at dersom Stranda J16-02 vinn sine to siste kampar, komande søndag mot Mauseidvåg og Solevåg IL og måndag mot Langevåg, er dei avdelingsvinnarar. Kampen mot Langevåg blir uansett avgjerande. Begge kampane går i Strandahallen.

I haust møttest dei to topplaga i Sulahallen og då enda duellen uavgjort 19–19. Her ligg det an til ein skikkeleg seriefinale og publikumsstøtta kan vere avgjerande for sluttresultatet.

Mot Skodje scora Emma Viddal Orheim 2, Helga Pedersen Lersveen 3, Solveig Orheim 8, Sara Hoel Røyr 5 og Celina Hoel Nordang 1.