Avslutta Toppserien med siger

Ingvild Græsdal scora ni mål i siste seriekamp mot Klæbu laurdag ettermiddag. Arkivbilete frå då Stranda sitt J16-lag møtte Charlottenlund tidlegare i Toppserien.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Sport

I sin siste Toppseriekamp slo Stranda Klæbu med 26–20 i Klæbuhallen seint laurdag ettermiddag. Stranda leia 14–11 ved sidebyte. Resultatet førte Stranda opp på ein førebels andre plass på tabellen. Den plassen får dei nok ikkje til slutt, då laga bak har kampar att å spele. Uansett blir Stranda beste J16-lag frå Møre og Romsdal.

For Stranda scora Hanne Thunem 1, Ingvild Græsdal 9, Hanna Flydal Vågsæter 2, Helga Lersveen Pedersen 4, Solveig Orheim 5, Sara Hoel Røyr 5.

Tap mot Stjørdal

Tidlegare på dag vart det tap 22–27 mot Stjørdal HK i Hegrahallen i Stjørdal. Heimelaget er topplaget i serien. Ved pause var stillinga 13–13.

Målscorarar for Stranda i kampen var Emma Orheim 1, Ingvild Græsdal 6, Sofija Cvetkovic 1, Karoline Fjørstad 1, Hanna Flydal Vågsæter 4, Silje Engeset 1, Solveig Orheim 4, Sara Hoel Røyr 4.

I kveld reiser jentene heim til Stranda. Alt i morgon skal nokre av dei i aksjon for Stranda J16-02 i Strandahallen. Måndagskvelden er det seriefinale i den lokale TrønderEnergi-Serien mot Langevåg i Strandahallen. Travle dagar for jentene med andre ord.