G16 avslutta med siger

G16 frå Stranda var fylkesmeistrar allereie før siste kamp, men sørga framleis for siger mot Spjelkavik laurdag. Arkivbilete. Bak frå v: Elias Røyr, Mats Aal Løvlid, Ola Slettebak, Johan Fagerstrøm Øye, Daniel Alme Åsen, Simon Mikal Brune, Framme frå v: Marcus Djupvik Myhre, Uvakaran Segaran, Jørgen Eliassen, Christian Andre Taraldset Løseth og Kai Ronny Vikan.  Foto: Tove Aal

Sport

Stranda G16 var alt fylkesmeistrar før siste kamp. Likevel sørga gutane for å gå gjennom serien utan tap. Laurdag ettermiddag slo dei Spjelkavik 23–19. Her leia heimelaget, Spjelkavik, 15–12 til pause i Borgundhallen.

For Stranda netta Simon Mikal Brune 2, Uvagaran Segaran 4, Daniel Alme Åsen 5, Mats Løvlid 1, Christian André Taraldset Løseth 9, Marcus Djupvik Myhre 1 og Elias Røyr 1.