Strandar imponerte under UM i friidrett

Gull på 800-meter

Ole Sivert Røyrhus frå Stranda tok gull i 15-årsklassa i ungdoms-NM i friidrett laurdag.  Foto: Jorunn Vigdal

Sport

Ole Sivert Røyrhus frå Stranda tok gull i 15-årsklassa i ungdoms-NM i friidrett laurdag.

Ungdoms-NM i friidrett går av stabelen i Steinkjer i helga. Strandaren Ole Sivert Røyrhus imponerte laurdag då han sprang i mål på 800-meter på tida 2.05.02, og tok gull i si klasse med klar margin.

– Ein kanonprestasjon

Leier for friidrettsgruppa på Stranda, Jan Ove Aslaksen, er nøgd.

– Det er ikkje kvar dag vi dunker på med gull i eit skarpt felt, seier han.

– Det er ein kanonprestasjon. På gutesida har eg ikkje vore borti nokon som har eit løpesteg på mellomdistanse som han. Etter 2–300 meter, då dei fleste får mjølkesyra, har han ennå eit gir. Det er verkeleg imponerande det han gjer.

Spent på framtida

Aslaksen ser fram til å følgje Røyrhus i åra framover.

– Å springe 800-meter på den tida som 15-åring er ein vanvitig prestasjon. Vi på Stranda har aldri vore betre å hente medaljar. Vi er ikkje mange, men vi er gode.

Det er ikkje berre på løpebana Røyrhus har imponert, tidlegare var han på kretslaget i fotball. Han sa frå seg plassen på kretslaget i fjor, og sjølv om han held fram med fotballen har friidrett no fått førsteprioritet. Det er Aslaksen glad for.

– Han sprang 600-meter på Lillehammer i 2016, og vann overlegent. Eg inviterte Kjell Arve Husby, trenaren til Vebjørn Rodal, til å kome å sjå på. Då han såg han sa han til meg, «han der må du ta vare på. Ikkje la fotballen ta ham», ler Aslaksen.

Ny rekord etter skade

Tida 2.05.02 er ny personleg rekord på 800-meter for Røyrhus. Mor hans, Jorunn Vigdal, fortel at den førre rekorden var på 2.06. Ho fortel òg at Røyrhus har slite med ei fotballskade.

– Han gjekk med krykker til jul, så vi er kjempeoverraska over at han i det heile tatt spring. Når han perser i tillegg er det heilt utruleg, seier ho.

Sida nyttår har Røyrhus logge i hardtrening.

– Han starta springe i vatn med ein gang han fekk vekk krykkene. Sida den gong har han ikkje sprunge på innandørsbane meir enn tre gonger, fortel Vigdal.

Planen var eigentleg at han skulle legge seg litt bak i feltet og sjå an forma, men Røyrhus valde å køyre sitt eige løp.

– Han meinte sjølv at han var i altfor dårleg form, men det ser ikkje sånn ut, seier ho.

No står 1500-meter på søndag ettermiddag att for løpetalentet, som i tillegg har bursdag i dag.