Siste helga i Bringserien

Full pott laurdag

Jublande handballjenter: Nøgde jenter etter to sterke sigrar laurdag.   Foto: Agnes Havnen

Sport

Stranda J16 slo både Årstad og Skreia laurdag.

Handballaget er i Oslo i helga for å spele dei fire siste kampane i Bringserien. Laurdag føremiddag vann dei soneklart mot bergenslaget Årstad, som ligg sist i puljen med tre poeng. Kampen enda 28–18 til Stranda.

På ettermiddagen stod Skreia for tur. Dei låg før kampen på ein fjerde plass i puljen medan Stranda låg på ein tiande plass. Også her var det Stranda som gjorde sakene sine best. Kampen enda med resultatet 30–14 til Stranda, som dermed har klatra til ein niande plass i puljen.

– Det var to spanande kampar med god innsats både på bana og av engasjerte supporterar, fortel Agnes Havnen.

I dag står Våg og Flint Tønsberg for tur i Oppsal Arena. Det er ikkje mange poenga som skil Stranda og laga som ligg over dei i puljen, så om handballjentene gjer eit like godt resultat i dag ligg dei an til å klatre ytterlegare.