Mållaust mot Skodje

Mållaust: Unge Mathias Rusten var aktiv i periodar i kampen mot Skodje, dessverre kom ikkje målet. Her ei avslutning frå tidleg i 2. omgang.  Foto: Arild Ringdal

Sport

Stranda og Skodje delte poenga etter 0–0 på Stranda stadion torsdagskvelden.

Tett og sjansefattig summerer opp kampen, der heimelaget nok hadde mest ball.

– Vi gjorde ein ok kamp, der vi har grei kontroll stort sett bakover. Så har vi nokre sjansar der vi kunne og burde fått utteljing, meiner Stranda-trenar Ronnie André Furset etter kampen.

Furset er godt nøgd med at laget hans fekk til gode kombinasjonar langs bakken og på den måten kom seg fram til sjansar. Stranda brukte kantane aktivt for å kome rundt det kompakte Skodje-forsvaret.


Resultat denne runden:

Stranda – Skodje 0–0

Volda 2 – Sæbø 7–0

Norborg/Brattvåg 2 – Blindheim 3–0

Hovdebygda – Langevåg 5–0

Herd 2 – Fjørtoft 7–1

Guard – Ellingsøy 2–2

 

Heimelaget tok eit visst grep om kampen frå start og burde enkelt gått i føringa då Domas Vorobjovas berre skulle sett ballen i mål frå 5–6 meter. På ein eller annan måte trefte avslutninga rett på Skodje-keeperen. Utover omgangen jamna det seg ut, men det var tett og tøft heile vegen med mange frispark. Dommar Morten Berge Digernes la nok lista litt for lågt periodevis.

Før kampen var Skodje sett på som eit svært spelande lag. Om det var respekten for Stranda, eller feiltolka signal utanfrå er vanskeleg å vite. Gultrøyene frå nye Ålesund kommune gjorde det stort sett enkelt. Kontant, høgt og rett fram. Det var lite finspel dei hadde å kome med, men dei greidde å kome til 2–3 sjansar i løpet av kampen.

Stranda slit med mange skadar. Difor er det godt for laget at neste kamp i serien først er om to veker slik at spelarar på ny kan vere kampklare. Då skal Stranda spele bortekamp mot Langevåg. Sula-laget var spådd å vere outsider til opprykk, men så langt slit dei. Torsdag vart det 0–5 mot Hovdebygda.

Sjå heile tabellen for 5. divisjon menn på fotball.no.