Comeback for Sunnylven-herrane

Tre poeng i serieopninga

Sport

Etter nokre år utan senior herrefotball gjorde Sunnylven comeback i 7-erserien sist onsdag. Og sunnylvingane starta med ein flott 5–4 siger i bortekampen mot Valldal. stillinga ved pause var 2–1 til Sunnylven. Målscorarar for Sunnylven var Leif Rune Tryggestad, Magnar Tufte Tyssen (2) og Trygve Aaland Tryggestad. Sigersmålet kom som resultat av eit sjølvmål av Valldal sin keeper. Etter rapportane å døme var det kondisjonen som gjorde at kampen bikka i Sunnylven sin favør.

Komande tysdag er det ny kamp, då møter Sunnylven Emblem på Hellesylt stadion.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Sport