Lokaloppgjer for herrelaget

– Vi må vere skjerpa

Arkivbilete frå heimekamp mot Skodje på Mona stadion tidlegare i sesongen.   Foto: Stine A. Bjørdal

Sport

Torsdagskvelden er det klart for lokaloppgjer borte mot Sæbø, og Stranda må finne seg i å vere favorittar før kampen.

Sæbø kjem frå eit skikkeleg stortap, 0–10 mot Blindheim.

– Vi må ikkje la oss lure og stille skjerpa til kampen, understrekar spelande Stranda-trenar Ronnie André Furset.

Han omtalar Sæbø som eit lag som krigar og slår mykje langt. I ein treningskamp før seriestart enda det 3–3. I fjor tapte Stranda 1–5 før sesongstart. Her er mykje å hemne.

Skadesituasjonen betrar seg litt etter kvart, berre Martin Espelund er uaktuell så langt.