Krise i Larvik Håndballklubb

Dramatisk: Strandaren Hege Løken og dei andre Larvik-spelarane fekk måndag beskjed om at dei vert fristilt frå kontraktane sine med Larvik Håndballklubb.  Foto: Arkivfoto

Sport

Larvik Håndballklubb har fristilt tilsette og spelarar frå kontraktane deira og innstilt alle utbetalingar. Ifølge NRK var det Østlands-Posten som melde om saka først.

– Vi kan ikkje drifte klubben med dei kostnadane vi har i dag, det vil vere heilt uforsvarleg å ikkje ta grep i dag. Det står om klubbens eksistens dei neste dagane og vekene, seier dagleg leiar Pål Albertsen i ein kommentar til NRK.

I NRK-saka kan ein lese at styret i Larvik Håndballklubb har vedteke å innstille alle utbetalingar med umiddelbar verknad. Fristillinga gir spelarane moglegheit til å nekte å spele vidare og finne seg ein ny klubb, men overgangsfristen gjekk ut 15. februar.

Strandaren Hege Løken har spelt for Larvik Håndballklubb sidan 2016. Ho og dei andre spelarane fekk nyheita måndag kveld.

– Det er klart at det er tøft å få ein slik beskjed, men både eg og jentene prøvar å halde fokus på trening i dag og kampen på heimebane i morgon. Då får dei følelsane vi har kome ut der og så så får vi ta framtidstankane når det roar seg. Slik det er no så stormar det meir rundt oss, både individuelt og kollektivt enn vi har kapasitet til før kamp, seier Løken til Sunnmøringen.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Sport