God kampaktivitet på Mona

Oda Vinje Lind (med ballen) og Stranda/Sunnylven leverte ein god kamp mot Stordal frå divisjonen over.  Foto: Arild Ringdal

Sport

Under gode forhold blir det no spela fleire trenings-og OBOS-cup kampar på Mona. Sist søndag var Stranda G16 i sving i OBOS-cup mot Ørsta. Her vann Stranda 2-1 etter mål av Sebastian Stornes og Jonas Hjelle. Vidare i OBOS-cup skal Stranda G16 møte Hasundgot på heimebane 26.mars. Gutane skal også på tur til Emblem og Hødd. OBOS-cup for G16 blir avslutta med finalespel på seinsommaren.

Målrikt

Tysdag møtte Stranda/Sunnylven sitt damelag Stordal på Mona. Kampen gjekk over 3x20 minutt og enda 3-3. For Stranda var Seva Ansok Farstad (2) og Olene Lade målscorarar. Omgangsresultata var 1-0,1-3 og 1-0. Stordal rykka opp etter sesongen i fjor og dette var ei god styrkeprøve for Stranda/Sunnylven som i år må bli å rekne med i 4.divisjon.

Dei to laga laga skal møtast på nytt seinare i vår.

Ny runde i OBOS-cup

Torsdag skal Stranda sitt 5.divisjonslag i aksjon på Mona. Då kjem HaNo på besøk i OBOS-cupen. Her kan fotballinteresserte få eit første inntrykk av kva det unge Stranda-laget kan utrette dei komande månadane.

Futsal i hallen

Laurdag arrangerar Stranda G16 runde to av kretsen sin futsal-serie i Strandahallen. Her møter arrangørlaget Ørskog, MSIL og Vanylven. Kampane startar ved frukosttider og varer til lunsjtid.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Sport