FK Sykkylven vann i snøbygene

Det fysisk sterke FK Sykkylven-laget var suverene i luftstyrke mot Stranda. Her er det målscorar Bengt Hole Alnes(nr 22) som ryddar opp i sluttminutta.   Foto: Arild Ringdal

Sport

Ei scoring av Bengt Hole Alnes etter 53 minutt avgjorde lokaloppgjeret mellom Stranda og FK Sykkylven på Mona torsdagskvelden. Hole Alnes, tidlegare Stranda-spiss, sette ballen i mål etter ein keeperretur.

Scoringa kom etter at Stranda hadde dominert mykje av 1.omgang og hadde hatt det aller meste banespelet. I andre omgang spela veret ei viktig rolle i kampen. Ei voldsom snøbyge gjorde det vanskeleg å spele ballen langs bakken.

Stranda/Sunnylven tapte

Stranda/Sunnylven sitt damelag tapte seriepremiera mot MSIL 0-3. Også denne kampen gjekk torsdagskvelden.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Sport