Smaken av siger

Etterlengta tre poeng

På ein regntung kampdag på Mona stadion varma den fyrste sigeren til Stranda herrelag både publikum, og ikkje minst spelarane og støtteapparat.
Sport

Gjestande Aksla låg på 2.-plass i 5. divisjon før møtet med Stranda og fyrste halvdel av fyrste omgang viste dei kvifor. Laget hadde god kontroll på kampen samtidig som vertane hadde god kontroll i forsvarsrekkja, noko dei elles hadde gjennom heile kampen.