Stranda A-lag herrar

Poengtap for Stranda

Her blir Mathias Rusten Stranda sin målscorar. Eit skot treff han i hofta, skiftar retning, og ballen trillar litt seinare inn i mål. Stranda hadde ei rad sjansar som dei ikkje greidde å sette i mål i kampen mot Godøy.  Foto: Arild Ringdal

Sport

Det enda 1-1 mellom Stranda og Godøy i 5.divisjonskampen på Mona torsdagskvelden. Ein kamp Stranda tidvis dominerte klart og burde ha avgjort i 1.omgang.

Det høyrer og med til historia at Stranda spela dei siste 35 minutta med ei mann meir på bana etter at Godøy sin Marcus Tretten Lubbe vart utvist før timen var spela.

Stranda sitt mål kom etter ein av mange dødballar i første omgang. Målscorar var Mathias Rusten.

Utlikninga kom snaue 20 minutt før slutt då Anders Johann Dyb utnytta ein feil hjå heimelaget. Han klinka ballen krysset frå langt hald.

Utsett kamp for Stranda/Sunnylven

Stranda/Sunnylven skulle spele mot Spjelkavik/Herd3 på torsdag. Grunna skuletur vart denne kampen utsett.