Stranda G16 i Norway cup

Stranda stormar vidare

Sport

Stranda G16 sitt mål om å nå A-sluttspelet rykkar stadig nærmare etter at dei måndag slo Vålerenga i Norway Cup.

- Vi låg under mykje av kampen. På det meste med 3-5 midt i andre omgang. Så scora vi tre mål siste halvdelen av omgangen og vann 6-5, fortel  ein strålande nøgd Sindre Hjelle.

Stranda-trenaren skryt av Vålerenga sine spelarar. Eit lag av godt skulerte spelarar med stor fart. – Vi hadde litt marginar for, medgår Hjelle. For Stranda scora Magnus Aal Løvlid 3, Thomas Langøyli 2 og Torjus Vestre 1. Kampen gjekk på kunstgras, og i følge Hjelle måtte den vere på størrelse med minimumsmåla for 7’ar fotball.

Mykje skal gå gale no om ikkje Stranda er vidare til A-sluttspelet. Laget må unngå stortap mot Nordreisa, som har slått Sotra i gruppespelet. Med minst uavgjort er Stranda puljevinnar. Kven dei då møter vert først klart ut på kvelden i tysdag.

Siste kamp i gruppespelet for Stranda går også på Valle, tysdag klokka 15.15.


Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Sport