Stranda med viktige bortepoeng

arkivfoto  Foto: Arild Ringdal

Sport

Stranda slo Godøy 3-1 torsdagskvelden, eit sterkt borteresultat for strandarane som ikkje hadde vunne på utebane sidan juni. Resultatet ved pause var 1-1. Målscorarar for Stranda var Mathias Rusten 2 og Arturas Sagalovas.

Poenga var ekstra kjærkomne i og med at Volda2, på tabellplassen bak Stranda, noko overraskande slo serieleiar FK Sykkylven 1-0.

Stranda har no to viktige heimekampar. Komande torsdag kjem botnlaget Ellingsøy på besøk. Veka etter er det ny heimekamp mot Hasundgot. Seks poeng i desse kampane vil truleg trygge plassen i divisjonen. Likeeins er det tre rundar før slutt berre tre poeng opp til sjetteplass, ein plass som vil gjere at målsettinga om å hamne på øvre tabellhalvdel vert nådd.

Stranda avsluttar på bortebane mot Hovdebygda. Ivar Aasen-bygda ligg pr i dag på andreplass og kan rykke opp ved sesongslutt. Stranda bør ha sikra poeng før turen dit 24.oktober.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Sport