Vil heidre Hege Løken

Fullsett buss med strandarar dreg til Molde

Hege Løken og J15 på trening i Strandahallen i romjula. Stranda IL handballgruppa ønsker å takke Hege Løken for i fleire år ha stilt opp med treningstiips i juleferien med å stille som heiagjeng på kampen Molde skal spele mot Oppsal søndag.  Foto: Foto: Privat

Sport

På søndag reiser unge, håpefulle handballspelarar til Molde for å heie på Hege Løken. Eit samarbeid med den lokale banken gjer at aktive handballspelarar får gratis reise til kampen. Molde HK møter Oppsal i Molde Arena til kamp i Rema 1000-ligaen.

- Vi reiser med ein 50-seters buss frå Stranda. På Molde skal unge Stranda-spelarar vere med på innmarsj, før kampen og Hege sine søskenbarn skal få dele ut premien til beste Molde-spelar etter kampen, skriv Stranda Handball i ei pressemelding. Dei skriv at Hege nok eingong har brukt av jula til å gje impulsar attende til unge handballspelarar i heimbygda. No takkar handballmiljøet på Stranda med å stille som supporterar . Tenk om Hege skulle få prisen som beste spelar på Molde….

Turen er i første rekke tileigna unge handballspelarar og aktive i handballmiljøet. Skulle det bli ledige plassar vil desse bli tilgjengelege for ein billeg sum for andre interesserte.

Hege Løken er inne i sin niande sesong på toppnivå i Norge. Ho reiste til Levanger i ung alder, deretter Skrim Kongsberg og Larvik HK. Før årets sesong flytta attende til heimtraktene og elitesatsinga i Molde.

Før kampen ligg Molde på 6. plass og Oppsal på niande. Berre to poeng skil laga. Dei tre siste møta mellom laga har alle enda med Molde-siger.