Alpinhelg på Bjorli

Ingrid Karoline Roald Myking tok sølv i slalåm på Bjorli. Arkivfoto  Foto: Eivind Louis Helset

Sport

Tustenrennet vart arrangert laurdag og søndag på Bjorli. Stranda alpin deltok med 17 alpinistar.

Laurdag var det storslalåm og søndag var disiplinen slalåm.

I dei yngste klassene utan rangering deltok Vilja Ryste Norstrand i jenter U8. Live Ryste Norstrand og Henriette Solheimsnes Hole køyrde begge i klasse jenter U9. Andreas Thorvik Furseth deltok i klasse gutar U10.

Pallplassering

I klasse jenter U12 vart det gull til Helle Ryste Norstrand både laurdag og søndag. Lagvenninne Christiane Thorvik Furseth køyrde inn til bronse både i slalåm og storslalåm.

Helle Ryste Norstrand køyrde begge disiplinane på Bjorli. Arkivfoto  Foto: Eivind Louis Helset

Erik Kjerstad Opshaug tok bronse i storslalåm laurdag og ein fjerde plass i slalåmdisiplinen søndag.

Mange lokale løparar

Størst lokal deltaking var det i klasse jenter U14, der seks alpinistar frå Stranda deltok. Frida Kaldhussæter tok gull i begge disiplinar medan Sienna Grande Bruseth og Ingrid Karoline Roald Myking tok sølv i høvesvis storslalåm og slalåm. Roald Myking tok i tillegg ein fjerde plass i storslalåm. Ellen Fauske Dalen tok bronse søndag. Vibeke Dina Waagsbø køyrde inn til sjette plass i storslalåm. Lisa Marie Hole Hagen noterte sjuande plass laurdag og tiande plass søndag.

Lisa Marie Hole Hagen. Arkivfoto  Foto: Eivind Louis Helset

Medaljar i alle valørar

I same alderstrinn tok Mikal Olav Waagsbø og John Alexander Solheimsnes Hole kvar sine sølvmedaljar. Waagsbø tok bronse i slalåm og Solheimsnes Hole ein fjerde plass i storslalåm.

Gull vart det også til Jonas Gorm Hole Hagen laurdag i storslalåm laurdag.

Ingvild Fauske Dalen var åleine i klasse kvinner U18. Ho køyrde begge disiplinane.